| Nytt dokkekurs 17 - 20. juni 2010: Lær å modellera di eiga dokke! Stad: Dokkegalleriet
| Enno nokre ledige plassar!! | |
Kurset er på 20 timar:
Torsdag kl 17 - 21, fredag og laurdag kl 9 - 17 *
I juni i fjor var det kurs i å laga ei Dokkekone - i år kan desse konene få seg ein mann! * Du lærer dei grunnleggjande teknikkane for å laga ei folkedraktdokke. Dokkemannen er ca 33 cm høg, og blir modellert av streng, papp, ull og stoff. Kleda må evt. fullførast heime.
Pris: 1200 kr + obligatorisk kurspakke 500 kr med grunnmateriale og oppskrift til ei dokke med undertøy.
Du kan få kjøpt halvfabrikkerte klede, men om du vil kan du ta med deg eigne stoffrestar (til bukse og vest) og tynt ullgarn til sokkar og huve.
Er det fint vêr kan me sitja ute i hagen, eller under partytelt. Er det ruskevêr koser me oss inne i Dokkegalleriet. Sprei gjerne kursinvitasjonen vidare til andre som kan vera interessert!
* Eg er open for å endra til andre klokkeslett, eller om nokon vil laga ei damedokke! – Sjå også under Kurs eller ta kontakt for nærare informasjon. Påmeldingsfrist: 5. juni.
|
|
| |
|
|
|