|  |
Dokkegalleriet
.jpg)
Velkommen til Dokkegalleriet si nettside og nettbutikk! Her vil du finna dokker til leik og teater, dokker i folkedrakter og struthetter for vaksne og barn. Du finn også informasjon om aktivitetar og kurs i Dokkegalleriet, om folkedrakter og mykje meir!
Opp gjennom åra har eg designa og laga dokker i mange ulike fasongar og storleiker. Dei siste åra har eg arbeidd mykje med dokker i folkedrakter, og har samla opplysningar om eldre draktmateriale, halde foredrag og skrive artiklar om emnet. Dokkene har vore omtala i både norske og utanlandske tidsskrift (Danmark, Holland, Tyskland og USA). Dei har delteke på ei rekkje kunstutstillingar og dokker har vore kjøpt inn og stilt ut på museum. I 2009 gav Tysnes kommune ei "Tysneskone" i gåve til kongeparet, då kongen og dronninga besøkte kommunen.
Mykje av stoff, garn, knappar m.m. som er brukt i dokkene, er gjenbruk eller restar av stoff og garn. Det blir likevel lagt vekt på at alt materiale er av god kvalitet.
Dokkegalleriet ligg på Tysnes, ei øy like sør for Bergen. Hit kjem du frå Bergen via Os med ferje frå Halhjem, eller frå Stord via Jektevik. Tysnes er også landfast over Lukksund bru frå Hardanger.
Dokkegalleriet ligg 500 m frå "kystlandsbyen" Våge, køyr av ved Tysnes kyrkje.
Dokkegalleriet har ope frå 17. juni til ut juli fredag og laurdag kl 11 - 15, eller etter avtale - heile året!
Tek også gjerne i mot grupper - ta kontakt for avtale! Ved større grupper blir det teke adgangspengar.
Tlf. 986 54 110 / 53 22 43 00
dokkegalleriet@gmail.com
Grovarv. 16 5696 TYSNES
.jpg)
 |
|
|
| |
|
|
|