Lærdal
Informasjon .Lærdal

 

ATTRAKSJONAR I LÆRDAL KOMMUNE

Lærdal og Borgund kan vise til kulturminne og busetting gjennom 3500 år.
Mange av kulturminna frå førhistorisk tid som er synlege på overflata, er knytt til religion og gravlegging. Mellom anna gjeld dette gravrøyser og gravhaugar, likhellerar og skålgropsteinar.
Vidare finn ein også busettingsspor både frå steinalder og mellomalder. Hovudsakleg er dette spor etter bygningar, stolpehold, veggvollar, eldstader, skålgropsteinar og steingjenstander.

Som knutepunkt mellom aust og vest har dalen vore viktig frå vikingtida og fram til i dag. Den viktigaste og mest nytta ferdselsvegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepokar om. Dei mange historiske vegane er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar. I det spennande kulturlandskapet rundt Borgund Stavkyrkje ligg Sverrestigen ligg Sverrestigen, Vindhellavegen, Seltåsen og Galdanevegen. Mellom Kyrkjestølen på Filefjell og Maristova går 15 km av den gamle Kongevegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1150. Kyrkja er svært godt bevart, og er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Norsk Villakssenter gir innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket gjennom observatorium, utstillingar, gripande film om villaksen, videofilmar om laksefiske og flugebindarverkstad.

Frønningen er ein veglaus idyll ved Sognefjorden. Godset på Frønningen har vore i privat eige i mange hundre år. Kunstmålaren Knut Rumohr sine samlingar.

Husmannsplassen Galdane går attende til 1600-talet. Dei fem bygningane på plassen er restaurerte og om sommaren er det ein husmann på plassen som tar vare på kulturlandskapet.

Kunstmålaren Hans Gjesme (1904 - 1994) sine arbeid er permanent utstilt i andre etasje i det gamle Telegrafbygget på Lærdalsøyri. I same bygget finn ein og Telemuseum og Postmuseum.

Gamle Lærdalsøyri har bygningsmiljø frå 1700-1800 talet. 161 verna bygningar. Eit sjeldsyn på Vestlandet.

LÆRDAL ER EIN GOD KOMMUNE Å BU I

Ein stor dag for Lærdal då H.M. Kong Harald V opna Lærdalstunnelen 27.11.00
FOTO : Geir Møller
Det bur om lag 2.200 innbyggarar i kommunen, som strekker seg frå Filefjell og Hemsedalsfjell i aust til Sognefjorden i vest. Av desse er om lag 1.200 busette i kommunesenteret Lærdalsøyri, resten bur i grendelaga Borgund, Ljøsne, Tønjum, Erdal, Frønningen og Strendene.
Kommunen har eit flatemål på 1303 kvadratkilometer. Av dette er store delar utmark og fjellvidder. Lærdal grensar opp til kommunane Vang, Hemsedal, Ål, Hol, Aurland, og Årdal. Lærdal ligg inst i verdas lengste fjord, Sognefjorden. Lærdal har gjennom alle tider vore eit viktig knutepunkt mellom aust- og vestland. Etter at verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, vart opna av Kong Harald V 27. november 2000, har landet fått ein ferjefri og sikker heilårsveg mellom Oslo og Bergen.

Lærdalsøyri
Lærdal har lange tradisjonar innan jordbruk og dette sysselset også mange i dag. I nedre del av dalføret er det svært gode klimatiske tilhøve for grønsakdyrking. Tidlegproduksjon av poteter og grønsaker er viktig, òg no kjem bær- og morellproduksjon for fullt. Kommunen har eit svært tørt klima, ja, så nedbørsfattig at bøndene i Lærdal var mellom dei første i landet som byrja med kunstig vatning. Delar av nedslagsfeltet til Lærdalselva er regulert og to kraftstasjonar produserer om lag 1.000 gwh per år.
Fylkessjukehuset er lokalsjukehus for sju kommunar i Sogn og har omlag 150 tilsette. Lærdal kommune har òg lange tradisjonar innanfor telekommunikasjon og har i dag ein opplysningssentral med om lag 70 tilsette.

Lærdal er rik på kultur og kulturminner. Vårt mest kjende kulturminne er Borgund stavkyrkje frå omlag år 1150, men dei fleste reisande får òg med seg Norsk Villakssenter i kommunesenteret Lærdalsøyri. Lærdal er elles kjend for det prisløna og verna trehusområdet Gamle Lærdalsøyri og dei historiske vegtraseane som går gjennom dalen.

Turisme er ein viktig del av næringsstrukturen, og Lærdal har mange overnattingsverksemder. Den som er interessert i friluftsliv som jakt og fiske, har store mogelegheiter. Lærdalselva er internasjonalt kjend som ei av dei beste elvane i landet for sportsfiske etter sjøaure og laks, men hausten 1996 vart den farlege lakseparasitten gyrodactilus salaris oppdaga i vassdraget. Dette medfører freding og sterkt regulert fiske i elva dei næraste åra. I høgfjellet er det villrein og mykje godt aurefiske. I liene er det hjorten som rår grunn. Godt oppmerka turløyper innbyr til aktivitet sumar som vinter.
Lærdal er òg utgangspunkt for ferje- og båtturar på den vakre Sognefjorden.