Band-prosjektet Amerikalinjen hentar mannskapet sitt blant åtte ulike musikarar, og opptrer med opp til seks musikarar på scenen samtidig. Bandet varierer samansetjinga av instrument. Eksempel på oppsett er tre el-gitarar pluss bass og trommer, eventuelt piano, to gitarar, bass og trommer, eller mindre, akustiske oppsett. Mandolin og lap-steel blir brukt i dei fleste variantane.

Her er lista Amerikalinjen hentar sitt mannskap frå:

Nils Halleland frå Etne er bandleiar og spelar akustisk og elektrisk gitar, mandolin og lap-steel. Han har vore profesjonell musikar og plateprodusent i mange år. Blant namna han har jobba med, finn me Somebody's Darling, Trond Granlund, Bill Booth, Torry Engs, Buckshot Hunters. Nils produserer nå den nye plata til Stein Ove Berg. Den er delvis spelt inn i Old River Saloon.


Knut Vaksdal bur i Ølen, og er ein av dei to bassistane som spelar med bandet. Knut har lang erfaring som musikar, og har spelt til dans både solo, i duo, trio og med band. Han leverer også ei fin, vokal andrestemme til songane.

Asbjørn Stålesen frå Etne er den andre bassisten som har reist med Amerikalinjen. Solid fartstid frå både country, gammaldans og dansemusikk gir ein solid, stødig groove -- med feeling.


Sigbjørn Davidsen bur i Etne, og spelar elektrisk og akustisk gitar. Sibben gjekk sine musikalske barnesko i Odda, blant anna med bandet Ruplex. Han har spelt med Reidar Brendeland, og er aktiv i fleire band prosjekt: Herheims Trio, Uthuset og Fifty-Fifty Bluesband.


Jon-Sigurd Davidsen bur i Etne og på Voss, og er son til Sigbjørn. Jon-Sigurd er den tredje gitaristen i Amerikalinjen. Han spelar Fender stratocaster, og leverer soloar med trøkk. Han spelte som 15-åring countrymusikk saman med Teddy Nelson, og har seinare spelt i både blues- og rockeband.


Terje "Køkky" Ørnes frå Sandeid er trommeslagaren i Amerikalinjen. Han har handtert trommestikkene i fleire band i distriktet, blant anna Matpackers.


Morten Odéen frå Etne spelar piano/synthesizer, og er ein skulert musikar med sans for boogie-woogie og rock 'roll. Morten har spelt med ei rekkje band innan ulike sjangrar, og spelar i dag med Etne-bandet Jukebox. Morten er også Old River Saloon sin mann i pianobaren. Bak flygelet inviterer han med jamne mellomrom til allsang og "live karaoke".


Sverre O. Mala er vokalisten i Amerikalinjen. Blant dei største favorittane hans opp gjennom åra er Johnny Cash, Elvis Presley og Bruce Springsteen. Han lar seg også inspirera av namn som Van Morrisson, Steve Earle, Roy Orbison, Son Volt, Dwight Yoakam. Sverre er med og driv Old River Saloon i Etne, der han blant anna har ansvaret for booking av orkester.


Geir Marius Halleland følgjer i faren Nils sine fotspor, og har valt gitaren som instrument. Mens faren spelar Fender Telecaster, svergar Geir Marius til Gibson. Saman utgjer gitarane og speleteknikkane eit spennande lydbilde med trykk! Geir Marius har vore med i fleire ulike bandprosjekt på Austlandet.