Velkommen til Stangfiske i Ål

 

Desse sidene omfattar dei 21sonene som er med på ordninga med felles fiskekort for Ål. Kortet kan kjøpast på campingplassar, overnattingsstader, butikkar, bensinstasjonar o.l.

Sonene omfattar mange ulike terreng, frå dalbotnen 280 m.o.h til høgfjellet 1546 m.o.h. Vær merksam på at nokre vatn er delt mellom fleire soner eller at delar av eit vatn kan vera utanom fiskekortordninga.

Omtale av dei ulike sonene finn du under "Fiskekortsoner" og i brosjyra Sportsfiske i Ål. Brosjyra kan du finne i papirutgåve på salstadene og på Ål turistinformasjon.

Fiskesesong: Denne kan variere litt, men ikkje under noko omstende er den lenger enn til 19. september. Sjå ellers spesifiserte opplysningar på fiskekortet og i omtala av dei ulike sonene på desse sidene.

Fiskeslag: Ørret i alle soner. Sone 3 har innslag av sik. I sone 2 er det registrert vederbuk.

Vasskraftregulering: Grunna reguleringa vil ein langs elvestrekningane kunne oppleve raske endringar i vasstanden.

                                      

Turistinformasjonen på Ål kan gi meir informasjon om det som skjer i kommunen.


Sist oppdatert 06.07.2009