Samfunnet har sine klassiske skrifter, kvalitetsmessig godkjende topprestasjonar eller mykje brukte grunnbøker. Dei er kjende i vide krinsar, jamvel om dei ikkje er lesne. Stundom gløymde, stundom gjenoppdaga. Men enkeltlesarar kan også ha sine klassikarar. Dei er ikkje alltid gamle og tradisjonsborne, dei kan jamvel vere nye.
Nyss var eg overnattingsgjest i eit privat hus i Ny-Hellesund. Som vanleg i norske heimar var det også her fleire hyller med bøker, eg er ikkje så sikker på om den norske skikken med å ha si eiga boksamling er like utbreidd i alle europeiske land, og i den blanke frukoststunda gjennomstreifa eg hyllene. Ikkje for å sjå kva ein las der i huset, men for å sjå om det stod noko eg ikkje hadde sett før. Også i mitt eige hus ser eg at gjester gjer noko liknande. Det likar eg godt. Dei som vankar i antikvariat eller bokhandel gjer slikt. Her var det altså at eg oppdaga ei ukjend bok som for meg blei ein «instant classic». Tilsynelatande var det ei lokalhistorisk avgrensa registrering av alle gamle fortøyingsfeste i regionen. Men verket var blitt meir enn berre ein katalog eller ei liste, for boka var samtidig ein historisk studie av fortøyingsmetodar, av juridisk regulering, av grunneigarinteresser med meir. Gjennomillustrert, djupt, grundig og nitid i dei konkrete registreringane av lokale fortøyingsstader, men i tillegg perspektivrik og frodig i allmenne oversiktar og kommentarar.
Overflatisk kunne dette sjå ut som atter ei bok for lokalhistoriske nerdar, og eg er visseleg ikkje ein slik. Likevel såg eg straks at dette var ei inspirert bok, skriven av ein kunnig person som er gripen av sitt emne og vil vite alt om det. Det var sjølve funnet og handteringa av emnet som skilde boka ut og fekk meg til å leggje merke til den. Som kva då? Jo, som eit poetisk verk. Drive fram av ein vitskapleg impuls: Trongen til å samle og inspisere all kunnskap om eit emne for å forstå det skikkeleg. Og så dette: Å rykke eit emne ut or alle andre samanhengar og halde det for auga og medvettet og snu og vende på det. Emnet i dette tilfellet: Dei gamle jernringane, jernstolpane, jernkorsa stundom med svarte og kvite ringar malte ikring, for lenge sidan plasserte med omtanke i berg og på knausar og knattar i det vi i dag kallar «strandsona». Dei fleste av oss har sett dei, mange av oss har brukt dei. Vi har støtt tatt dei for gitt. Låge, pregnante skulpturar, utan soklar, så ordlause og anonyme, men så intimt inkluderte i vår erfaring og røynd.
Ei bok om dette emnet handlar på ein diskré måte om ein del av oss sjølve. Det blir ei poetisk oppleving. Poesien har det med å oppstå og angå oss, det gjeld dei aller fleste av oss, trur eg, når vi skil noko ut og berre ser på dette eine fenomenet. Det kan vere eit saltkorn, det kan vere ein liten stein, det kan vere eit visna grasstrå, eit belte, ein gammal konvolutt. Ofte kjenner vi poetar oss att i verksemda til samlarar, vitskapsfolk eller andre som gjer den framandgjerande handlinga å skilje noko ut og gjere det til eit spesialstudium. Eg vedgår at når det gjeld fagfolka sine skrifter kan sjølve emnevalet stundom vekke mest oppsikt, medan det gjerne er utforminga av diktet som er poetens vimpel.
Det er nok ikkje uvanleg at somme bøker blir klassiske for sine lesarar, trass i at dei kanskje forblir ukjende eller uinteressante for normalt opplyste og velinformerte bokfolk. Om dette veit vi eigentleg lite. Lesarar er som barn, ikkje berre på den måten at dei skravlar om det dei har lese, men også på den måten at dei likar å ha sine boklege løyndommar for seg sjølve.
Eg noterte straks på ein hugselapp at den to år gamle boka av Jan G. Langfeldt, De gamle fortøyningsfestene i Ny-Hellesund og fortøyningsmetodenes historie, kunne (og skulle!) kjøpast ved å skrive til Vest-Agder Fylkeskommune i Kristiansand. Men då husverten høyrde om oppdaginga mi, gav han seg ikkje før han hadde fått meg til å ta imot hans eige eksemplar som gåve.
Straks eg var komen heim, stilte eg denne boka om fortøyingspålane opp ved sida av ein eldre klassikar av same type: Die Kulturgeschichte der Schraube (ei bok om skruer). Var det ikkje for at Langfeldts bok har eit stort format, kunne eg like gjerne stilt den attmed Kristoffer Nyrops Kysset og dets Historie. Andre slike klassikarar i mine hyller skal ikkje nemnast. Men fortøyingspålar, skruer, kyss – alle er poetisk utvalde og observerte emne. Og altså, til liks med gode dikt, litterære tilnærmingar til røynda. Realisme er heldigvis meir enn berre ein stil eller ein periode innan romankunsten.
Einar Økland er forfattar og poet. Thea Selliaas Thorsen, Nils-Øivind Haagensen og Einar Økland skriver om klassikere i Morgenbladets antikvariat.
KLASSIKEREN
Jan G. Langfeldt
De gamle fortøyningsfestene i Ny-Hellesund og fortøynings- metodenes historie ,2008.
Publisert 14. mai 2010 i Morgenbladet